Hopp til innhald

Aurorae Chaos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aurorae Chaos (venstre) og Ganges Chasma (høgre) fotografert av Mars Express
Ljos steinformasjon i Aurorae Chaos
Bakke med sandkårar i Aurorae Chaos

Aurorae Chaos er eit kaosterreng i den austre delen av Valles Marineris, søraust for Xanthe Terra og der Ganges og Eos Chasma møtest.[1][2] Det er kring 710 kilometer på tvers og ligg 4,8 kilometer under det kringliggjande lendet.[3]

Aurorae Chaos vart truleg danna av at yta kollapsa ved smelting av is som låg under, då store mengder av vatn vart frigjeve. Dette hende truleg i dei fyrste 1 til 2 milliardar åra av soga til Mars.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aurorae Chaos - JPL
  2. Kart over Margaritifer Sinus-kvadranten hjå hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature
  3. 3,0 3,1 A witness to a wet early Mars - ESA

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aurorae Chaos